Du går fram til mi inste grind, og eg går òg fram til di. Innanfor den er kvar av oss einsam, og det skal vi alltid bli. Aldri trenge seg lenger fram, var lova som gjalt oss to. Anten vi møttest tidt eller sjeldan var møtet tillit og ro. Står du der ikkje ein dag eg kjem felle det meg lett å snu når eg har stått litt og sett mot huset og tenkt på at der bur du. Så lenge eg veit du vil koma i blant som no over knastande grus og smile glad når du ser meg stå her, skal eg ha ein heim i mitt hus. -- Halldis Moren Vesaas
Ord over grind
Posted by Håvard Pedersen on februar 17, 2006
http://fuzzy76.net/126/ord-over-grind/
Previous Post
VB.Net wizard extraordinaire
VB.Net wizard extraordinaire
Next Post
Kule linker
Kule linker

Ingvild Søreng
/ 18. april, 2008Mitt favorittdikt!