Det er sikkert dei
som grublar på renter,
medan andre er ute
og danser med jenter.
Det er sikkert dei
som høyrer talar av Gro,
medan andre syng songar
på ei koseleg kro.
Det er sikkert dei
som vil opp og vil fram,
medan andre er glade,
når dei kan dela ein dram.
Det er sikkert dei
som brukar tida nyttig,
som ikkje har snubla
sidan åtteogsytti.
Dei er sikkert smarte,
dei er sikkert best,
men aldri om eg ber
dei heim på ein fest.
-- Arne Hjeltnes