Einsam flygar 17.02.05

Barn, ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre
som flyg over havet i ei jamn, tett rad

Vinden valde ut denne eine
og kasta han ut av den usynelge lei
som fuglar av hans slag plar følgje.
Han er ikkje lengre ein av dei.

Sin eigen veg må han finne,
eller-om han trøytnar om litt-
gi tapt, la seg falle, gå under,
slik går det desse einsame titt.

Det mørknar titt over havet.
Ei frostnatt kvesser sine jarn.
Ein fugl flyg einsam under stjerner.
Ikkje gråt for den fuglen, barn.
   -- Haldis Moren Vesaas